tirsdag 22. mai 2012

Tempo - Atløy

6. divisjon avd. 2, 4. serierunde.

Tysdag 22.05.12 reiser Atløy til Florø for å spele mot Tempo. Dette er muligens sesongens tøffaste kamp, men som vi alle veit so er ballen rund. Tempo står med 3 sigera på dei 3 fyrste kampane og leiar tabellen i lag med Florø 3.

Trenaren vår, John Ivar er i Kroatia og dermed utilgjengelig. Troppen er som følger: Fredrik, Bernt Magnus, Sigmund, Chester, Vegard, Kristian, Jon Eivind, Erik, Halvard, Frank, Brian, Robert, Christer og Eivind. Jon Eivind (sjuk), Erik (jobb) og Frank (sjuk) mista alle forrige kamp, men er tilbake igjen i troppen foran denne kampen.

Grunna vegstenging på veg 609 og at siste ferja frå Askvoll går 2215 so har vi litt logistikk problemer foran kampen, men dette løyser vi med at Vidar skysser dei frå øyna og landa i speed-sjarken sin t/r Florø. 

Kampstart på Florø krøllgras er kl 1900. Vel møtt!

mandag 14. mai 2012

Atløy - Florø 3

6.divisjon avd 2, 3. serierunde.

Tysdag 15.05 kl 1900 spelar Atløy sin første heimekamp for sesongen, Florø 3 kjem på besøk. Florø 3 har vunne begge sine første kampar og toppar tabellen i lag med Tempo etter 2 serierunder.
Vi har eit par forfall til kampen pga jobb, men resten av laget er klare for å gje serieleiaren ein hard kamp!

Troppen: Fredrik, Geir, Halvard, Bernt Magnus, Chester, Sigmund, Andreas, Joakim, Vegard, Kristian, Robert, Christer, Eivind, Alexander, Daniel, Brian. 

tirsdag 8. mai 2012

Førde 4 - Atløy


6 divisjon, tysdag 08.05.12, kl.19.00.

FØRDE 4 – ATLØY 3-6 (2-2)

Mål:
0-1 Atløy, Vegard. ca.5min.
1-1 Førde 4. ca.23min.
1-2 Atløy, Vegard. ca.30min.
2-2 Førde 4. ca.40min.
3-2 Førde 4. ca.55min.
3-3 Atløy, Christer. ca.65min.
3-4 Atløy, Erik. ca.72min.
3-5 Atløy, Vegard. ca.80min.
3-6 Atløy, sjølvmål. ca.85min.

Gule kort: Erik

Atløy (352)
Fredrik, Bernt Magnus, Geir, Halvard, Hans Kristian, Kristian, Vegard, Erik, Robert, Christer, Jon Eivind.

Innbytarar: Sigmund, Chester, Andreas, Alexander, Eivind.

Trass i vegstenging kjem vi oss likevel inn til Førde for å spele årets fyste kamp. Etter ein vinter med mykje trening og eit par treningskampar, so skulle no endeleg alvoret starte. Motstandaren vår var Førde 4, som starta sesongen i forgje veke med siger borte mot Florø 4.

0-1. Kristian avanserar nedover høgrekanten og slår eit innlegg langs bakken som stussar via ein Førdespelar, og perfekt ut til Vegard som frå 12-13m set ballen sikkert i mål. Ein fantastisk start på kampen for Atløy sin del.

1-1. Førde utliknar etter eit litt svakt forsvarsspel frå våras side. Eit gjennomspel som burde vore avklara, men som hamnar hos Førdespissen som set ballen i mål frå ca.16m.

1-2. Frispark frå spissen av 16-meteren. Vegard skyt, ballen stussar borti muren og går inn i det lengste hjørnet.

2-2. Førde utliknar.

Pause.

3-2. Vi missar ballen på midtbana og Førde slår igjennom i bakrom, spissen kjem åleine med keeper og avsluttar med ein flott chipp over keeper. Ditta målet burde absolutt vore unngått.

3-3. Eit flott skot frå Christer frå vel 20m som går i ein perfekt boge over keeper, og i lengste hjørnet. Utlikninga førar laget tilbake i kampen.

3-4. Itte mykje kjemping frå Erik inni 5-meteren, so klarar han tilslutt å takle ballen i mål. Fightinga til Erik smittar over på resten av laget.

3-5. Vegard vert felt inni 16-meteren, og dommar bles for straffe. Vegard set sjølv straffa i mål, kampen er punktert.

3-6. Halvard pressar Førde til å klarere ballen i eige mål.

Atløy tok ein fortjent siger over eit ungt Førde lag. Atløy skapa klart flest sjansar, og burde leda til pause. Itte pause klarar Førde ta leiinga, men laget viser god moral og kjempar seg tilbake i kampen, missar ikkje humøret og tek dermed sigeren.
Geir, Christer og Halvard får sin debut på A-laget, alle får godkjent i sin fyste kamp.

Neste kamp er heimekamp mot Florø 3, tysdag 15.05.12, kl.19.00. Håpar du kjem og heiar på oss!

Mvh, EAG.

Då var det endeleg sesongstart for dette laget óg. 

Kl.19.00 bles da av til bortekamp på Førde sitt krøllgras, dar Førde 4 er laget som skal takast. Da er andre runde i dinna sesongen, dar AIL spelar sin fyste kamp sidan det er eit lag som må stå over ei runde på grunn av at det er sju lag påmelde. (hadde ikkje vore so bra fotball om da ikkje var motstandarar...heh!)

Laget idag består av:
  • Fredrik
  • Sigmund
  • Chester
  • Sigmund
  • Andreas
  • Bernt Magnus
  • Kristian
  • Christer
  • Alexander
  • Erik
  • Jon Eivind
  • Hallvard
  • Robert
  • Vegard
  • Hans Kristian
  • Geir
Sidan undertegnede endå ikkje har sett seg inn i spelarposisjonane, so blir rekkjefølga itte alder (som eg trur eg har sånn cirka kontroll på).

No er da berre til å hive seg rundt slik at eg rekk kampen! Håpar å sjå deg dar óg! (om ikkje engasjemanget vert for stort, så skal eg sjå om eg fange opp eit referat itte kampen)

HEIA ATLØY!

mvh, EAG.

tirsdag 13. mars 2012

SESONGEN 2012

Ny sesong nye moglegheiter!

I år skal vi bli mykje betre på å oppdatere denne bloggen, slik at dei som ynskjer det kan følgje med på kva som skjer med A-laget til Atløyna.
Sesongoppkøyringa er godt i gang, vi har trent bra heilt sia nyttår og gler oss til sesongen begynner i månadsskifte april/mai.

Treningskampar er under planlegging og info om desse kampane blir lagt ut her so snart so ting er på plass :-)

mandag 29. august 2011

Tempo - Atløy

Tirsdag 30.08 reiser vi til Florø for å møte Tempo, i det som er sesongens tredje siste kamp. Tempo ligger på 2. plass, likt på poeng med rivalane Florø 3. Det blir ein tøff kamp, men vi reiser til Florø for å gje Tempo ein skikkelig kamp om poenga.

Følgande spelara reiser til Florø: Anders Peder, Hansa, Vegard, Krister, Bernt Magnus, Alexander, Even, Cato, Eivind, Kristian, Frank, Chester, Espen og Sigmund.

tirsdag 9. august 2011

Atløy - Florø 3

Atløy - Florø3 2-2 (1-2)

Atløy Stadion, tysdag 09.08.11 kl 1900.

Første kamp etter ferien enda med eit vel fortjent uavgjort resultat for vår del. Alle mann jobba steinhardt og ofra seg for poeng i dag. Målscorarar var Kristian som satte ein corner rett i mål, og Vegard på eit langskudd.
Kjem tilbake med eit meir fyldig referat iløpet av morgondagen.
Takk og til publikum for eit veldig bra oppmøte og fantastisk støtte!