tirsdag 8. mai 2012

Førde 4 - Atløy


6 divisjon, tysdag 08.05.12, kl.19.00.

FØRDE 4 – ATLØY 3-6 (2-2)

Mål:
0-1 Atløy, Vegard. ca.5min.
1-1 Førde 4. ca.23min.
1-2 Atløy, Vegard. ca.30min.
2-2 Førde 4. ca.40min.
3-2 Førde 4. ca.55min.
3-3 Atløy, Christer. ca.65min.
3-4 Atløy, Erik. ca.72min.
3-5 Atløy, Vegard. ca.80min.
3-6 Atløy, sjølvmål. ca.85min.

Gule kort: Erik

Atløy (352)
Fredrik, Bernt Magnus, Geir, Halvard, Hans Kristian, Kristian, Vegard, Erik, Robert, Christer, Jon Eivind.

Innbytarar: Sigmund, Chester, Andreas, Alexander, Eivind.

Trass i vegstenging kjem vi oss likevel inn til Førde for å spele årets fyste kamp. Etter ein vinter med mykje trening og eit par treningskampar, so skulle no endeleg alvoret starte. Motstandaren vår var Førde 4, som starta sesongen i forgje veke med siger borte mot Florø 4.

0-1. Kristian avanserar nedover høgrekanten og slår eit innlegg langs bakken som stussar via ein Førdespelar, og perfekt ut til Vegard som frå 12-13m set ballen sikkert i mål. Ein fantastisk start på kampen for Atløy sin del.

1-1. Førde utliknar etter eit litt svakt forsvarsspel frå våras side. Eit gjennomspel som burde vore avklara, men som hamnar hos Førdespissen som set ballen i mål frå ca.16m.

1-2. Frispark frå spissen av 16-meteren. Vegard skyt, ballen stussar borti muren og går inn i det lengste hjørnet.

2-2. Førde utliknar.

Pause.

3-2. Vi missar ballen på midtbana og Førde slår igjennom i bakrom, spissen kjem åleine med keeper og avsluttar med ein flott chipp over keeper. Ditta målet burde absolutt vore unngått.

3-3. Eit flott skot frå Christer frå vel 20m som går i ein perfekt boge over keeper, og i lengste hjørnet. Utlikninga førar laget tilbake i kampen.

3-4. Itte mykje kjemping frå Erik inni 5-meteren, so klarar han tilslutt å takle ballen i mål. Fightinga til Erik smittar over på resten av laget.

3-5. Vegard vert felt inni 16-meteren, og dommar bles for straffe. Vegard set sjølv straffa i mål, kampen er punktert.

3-6. Halvard pressar Førde til å klarere ballen i eige mål.

Atløy tok ein fortjent siger over eit ungt Førde lag. Atløy skapa klart flest sjansar, og burde leda til pause. Itte pause klarar Førde ta leiinga, men laget viser god moral og kjempar seg tilbake i kampen, missar ikkje humøret og tek dermed sigeren.
Geir, Christer og Halvard får sin debut på A-laget, alle får godkjent i sin fyste kamp.

Neste kamp er heimekamp mot Florø 3, tysdag 15.05.12, kl.19.00. Håpar du kjem og heiar på oss!

Mvh, EAG.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar