6 divisjon, søndag 22.05.11 kl 14.00
ATLØY – TAMBARSKJELVAR 2-2 (1-1)
Mål:
0-1 Henrik Hundershagen ca 23 min
1-1 Eivind (Vegard) ca 35 min
1-2 Henrik Aase ca 84 min
2-2 Eivind (Andreas) ca 89 min
Gule kort:
Frank, Cato
Atløy (442)
Anders Peder, Hans Kristian, Gjøran, Vegard, Bernt Magnus, Sigmund, Krister, Frank, Andreas, Eivind, Brian.
Innbyttara: Even, Cato, Øyvind, Alexander, Dan Erik
Då var det tid for sesongens første seriekamp for A-laget på heimebane. Atløy tok i mot Tambarskjelvar, grusbana var harva og tromla, det regna og blas, tilskodarane (ca 50 i talet) hadde tatt på seg termodressen, med andre ord: ingenting å klage på! Vi mangla fem mann frå start i dag, influensa, skade og eit tregt postvesen må ta på seg skulda for det. Det betyr at fleire av dei yngste spelarane våre får sjansen til å vise seg fram. Brian Landøy fekk sin A-lag debut, Bernt Magnus, Andreas og Sigmund som debuterte sist mot Tempo var også i startoppstillinga.
Kampen starta litt forsiktig, med eit spelemessig overtak til heimelaget. Vi prøver å vere tolmodige i pasningsspelt vårt og bruke kantane mykje, men det stoppa litt opp når vi nærma oss 16-meteren til Tambar. Ingen av laga klara å skape nokon store sjansar før Tambar ca midtvegs i første omgang scora kampens første mål, med si første avslutning på mål. Ein spelar blir spelt igjennom på venstrekanten bak forsvaret vårt, han kjem seg ned til linja og får slått eit innlegg inn som ein Tambarspelar er først på og setter ballen mellom beina på keeper. 0-1.
Etter målet får vi til litt bedre spel, vi får ein del dødballar utan at vi klara å score.
Men etter ca 35 minutt kjem Atløy si første scoring denne sesongen. Vi har ein dødball, ballen blir slått inn og klareringa frå Tambar går rett til veirs. Vegard tar ned ballen innanfor 16-meteren, snur seg og skyt med venstra, ballen blir blokkert og legg seg perfekt tilrette for Eivind på 6-7 meter. Eivind sette ballen i mål, 1-1. Etter scoringa er vi frampå eit par gonger uten at det blir veldig store sjansar av det, so stillinga er 1-1 til pause.
Vi hadde ei god følelse når vi gjekk til pause om at 3 poeng var realistisk, men i 2 omgang endra kampen seg litt. Tambar kjem meir med i kampen, vinn litt fleire duella på midtbana og er farlege når dei angriper. Anders Peder må i full strekk eit par gonger, og hindra mål. Vi er ikkje ufarlige sjølv heller. Cato har komt innpå som spiss og er ein trussel i bakrommet. Ved fleire anledningar er det nesten at gjennombruddspasningane våre når fram, men keeper er ofte ute og plukka pasningane. Til slutt kjem Cato seg fri åleine med keeper, men keeperen kjem raskt ut og greier å blokkere avslutninga som går ut til corner. Etter dette har både Even, Frank og Vegard gode skuddforsøk, men mål blir det ikkje.
Det ligg eit mål i lufta til eit av laga, men ein må vente heilt til sluttminutta før målet kjem. Tambar får frispark i farleg posisjon, nokon meter utenfor vår 16-meter. Tambarspelaren får kanontreff med strak vrist, keeper er på ballen som smell i tverra men uheldigvis ned i keeper igjen og inn i mål. 1-2 ca 84 min. Målet fører til at vi våknar litt igjen. Istadenfor å henge med hovudet går vi offansivt til verks, og etter 89 minutt rullar vi opp eit flott angrep. Vegard blir spelt opp midt i bana og avanserer mot forsvaret, Andreas helde bredda på venstrekanten og blir spelt igjennom bak forsvaret. Innlegget er presist langs bakken og Eivind breisida ballen i mål under keeperen, 2-2. Kampen ender uavgjort, eit resultat som begge lag må seie seg nøgd med.
Dette betyr at vi plukkar våre første poeng for sesongen, sterkt gjort å komme tilbake på slutten og få inn utligninga. Moralen i laget vårt er bra, da fekk vi nok eit bevis på i dag og eg er sikker på at den kjem til å skaffe oss flere poeng seinare i sesongen. Dei unge spelarane våre gjere ein solid innsats og slike jamne kampar er god erfaring for dei. Vi har eit ungt og uerfarent lag, det vil ta ein del kampar før spelet vårt sit skikkelig men pila peikar iallefall oppover.
Neste kamp for A-laget er i Florø, 31 mai mot Florø 3.
Link til vår avdeling
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar