mandag 13. juni 2011

Anga - Atløy

Tysdag 14.06.11 reiser vi til Førde for å spele mot Anga. Kampen startar kl 1900 og blir spelt på Førde krøllgras.

Anga er det einaste laget som vi ikkje har spelt mot til no i år, dei har fått ein kjempestart på sesongen og er serieleiar ilag med Florø 3. Etter at vi tapte sist kamp mot Svelgen so ligge vi sist på tabellen, med andre ord so er dette ein kamp mellom topp og botn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar