6 divisjon, tysdag 31.05.11 kl 19.00
FLORØ 3 – ATLØY 6-1 (4-0)
Mål:
1-0
2-0
3-0
4-0
5-0
5-1 Krister
6-1
Gule kort:
Øyvind
Atløy (451)
Anders Peder, Hans Kristian, Gjøran, Vegard, Bernt Magnus, Chester, Krister, Frank, Kristian, Jon Eivind, Eivind.
Innbyttara: Alexander, Andreas, Sigmund, Øyvind
A-laget reiste tysdag til Florø for å møte serieledar Florø 3. Vi visste på forhånd at det kom til å bli ein vanskelig kamp mot eit Florø lag som spelar veldig bra fotball. På forhånd var vi einige om at vi måtte ligge lavt og kompakt, hindre dei i å få eit tidlig mål og komme heilhjarta på overganga når/viss sjansen byr seg.
Vi starta med vårt antatt mest rutinerte lag i ein 451 formasjon. Dei første 25 minutta gjorde vi ein kjempe jobb i å hindre Florø å score mål. Men det er ikkje lett å forsvare seg mot eit Florø lag som er veldig bevegelige og ballsikre samtidig som dei ventar tolmodig på ein sjanse til å bryte igjennom. Til slutt kom dei seg igjennom og 1-0 var eit faktum. Dei neste ti minutta avgjorde kampen. 2-0, 3-0 kom raskt og då gjekk litt av lufta ut av ballongen. Vi kom oss litt til hektane igjen siste minutta før pause, skapte nokon halvsjansar men det var Florø som scora. Dermed var pauseresultatet 4-0 til heimelaget.
I andre omgang var det ein litt jamnare kamp. Florø hadde forstatt mest ball, men var ikkje like hissige på å angripe. Vi heng brukbart med i lange periodar men det er no so i fotball at det er måla som gjelder. Rundt midtveis i omgangen kom det nok eit Florø mål. So fant Krister ut at vi måtte få oss eit mål vi og. Florø spelte ball bak i forsvaret då Krister takla/krangla med seg ballen på midtbana og satte fart mot keeperen. I beste Thierry Henry stil satte han ballen iskalt i mål åleine med keeper, 5-1. Mot slutten av kampen score Florø eit mål til og sluttresultatet blei 6-1.
Florø vant fullt fortjent mot Atløy, og tok sin fjerde strake siger. Vi møtte eit veldig bra lag som kjem til å gjere det skarpt i heile år.
Chester fekk sin A-lag debut i dagens kamp som høgreback og gjorde ein strålande jobb. Elles blei kampen litt som forventa, vi blei springande mykje i mellom men fekk god trening i å forsvare oss.
Neste kamp for Atløy er heime mot Svelgen, tysdag 07.06 kl 1900. Håpar du tek turen til stadion og ser på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar