Anga – Atløy 2-1 (2-0)
Tysdag 14.06.11 kl 1900.
Mål:
1-0 Anga ca 5 min
2-0 Anga ca 10 min
2-1 Kristian 90 min
Gule kort:
Jon E
Atløy (4411)
Anders Peder, Hans Kristian, Vegard, Chester, Øyvind, Andreas, Jon E, Kristian, Sigmund, Frank, Eivind
Innbyttarar: Even, Krister, Alexander, Cato
Vi måtte gjere litt endring på laget i forhold til kva planen var pga at Even og Krister blei litt seine, og rakk ikkje kampstart. Begge to hadde lange reiser frå henholdsvis Bergen og Måløy. Kampen starta i regnveiret og det tok desverre ikkje lang tid før kampens første mål kom. Anga spelte seg fri på høgresida med ei flott gjennombruddspasning bak backen vår. Vingen deira kom seg ned til linja og slo presist inn foran mål til spissen som putta enkelt. 1-0 etter fem minutt.
Dei neste minutta fortsatte med Anga overtak, og 2-0 kom etter ein corner. Corneren blei slått på bakerste stolpe der ein Anga spelar fekk stå heilt åleine og heade inn ballen. Etter dette kom Krister inn på midtstopparplass og Chester blei flytta ut på back. Vi fekk med ein gong betre kontroll og er bra på høgde med Anga ut heile første omgang. Vi er frampå med eit par skudd, men skapar ikkje altfor mange sjansar.
I pausa får vi snakka litt saman og blir einige om å trøkke til frå start av i andre omgang. Dei første 10 minutta av andre omgang er vi best, vi brukar kantane våre aktivt som vi blei einige om og skapar enkelte farligheter. Men mål blir det desverre ikkje. Etterkvart som kreftene begynner å ta slutt so tek Anga meir øve kampen igjen og skapar nokon store sjansar som dei ikkje scora på. Må og nytte anledningen til å gje keeperen vår skryt, han hadde eit par veldig gode redninga.
Vi blir feilaktig avvinka for offside når Eivind blir spelt heilt åleine gjennom, og Cato har ein stor sjanse på ein retur frå eit skudd av Vegard. Vi kjempa bra alle mann, og etter 90 min får vi frispark på ca 25 meter. Vegard skyt ein hard markkrypar nede i stolperota, keeper må gje retur og 3 Atløy spelara er først på returen. Kristian putter ballen i mål, og det står 2-1. Dommaren la til ein heil del og det blei hektisk for Anga sin del mot slutten. Vi pressa på for ei utligning, men kampen endte med 2-1 siger til heimelaget.
Anga vant fortjent mtp antal sjansar, men eg føle at vi gjer ein kjempejobb heile laget. Vi springe masse, spela ball og ofra alt. Fortsette vi sann so skal vi komme oss vekk i frå jumboplassen i 6 divisjon avd 2.
Neste kamp er heime mot Tempo, tysdag 21.06.11 kl 1900.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar