6 divisjon, søndag 26.06.11 kl 14.00
TAMBARSKJELVAR – ATLØY 3-0 (2-0)
Mål:
1-0 Tambar
2-0 Tambar
3-0 Tambar
Gule kort:
Atløy (442)
Anders Peder, Hans Kristian, Stian, Vegard, Øyvind, Alexander, Krister, Kristian, Erik, Eivind, Frank.
Innbyttara: Sigmund, Raymond, Brian
Vi reiste inn til Naustdal for å spele mot Tambar, eit lag som vi på forhand har forhåpninga om å ta poeng mot. Vi mangla nokon spelara til dagens kamp, men vi hadde med oss 14 friske og raske spelara til dagens kamp.
Kampen starta med litt fram og tilbake, vi har ballen mest men som so mange ganger tidligare i år er det motstandaren som tek leiinga. Det er spelt omlag ti minutt når ein ball blir slått bak forsvaret vårt, mot kantspelaren deira som har komt seg inn bak backen vår. Mottaket er bra, spelaren blir pressa i avslutninga men triller ballen kontrollert ned i hjørnet bak keeperen vår. Som vanleg gjere vi det vanskeleg for oss sjølve med å få ei tidlig scoring i mot.
Sjølv om Tambar tek leinga so er det ein javn kamp, vi har (som vanleg) masse ball, men klara ikkje å komme til dei store sjansane. Enkelte halvsjansa og skudd kjem vi med, men ikkje nok til å setje Tambar sinn veldig gode keeper på prøve. 2-0 kjem desverre ikkje so lenge etterpå. Vi har spelt ca tjue minutt når spissen til Tambar vender opp midtstopparen vår og kjem seg åleine med keeper. Anders Peder er på ballen, men ballen triller sakte over målstreken og 2-0 er eit faktum. Både dette målet og Tambar sitt første mål kjem som eit resultat av dårleg forsvarspel av oss.
Resten av omgangen skjer det lite foran vårt mål. Vi har ballen mest, prøver å bruke kantane våre mykje men igjen er det siste pasninga og avslutninga som enten manglar eller er for dårleg. Eivind får ein stor sjanse på corner, men headdinga blir redda på streken. Litt etterpå har Sigmund ein stor sjanse og, men avslutninga frå kloss hold blir rett på keeper. I tillegg til dette er Brian framme på ein retur frå keeper men klara ikkje å pirke ballen over streken. Vi går til pause med to mål i sekken, litt ufortjent ut i frå kampens gang, men det er tross alt måla som tel i fotball.
Andre omgang fortsett i samme spor, vi har masse ball og stangar mot forsvaret til Tambar. Tambar er farlege når dei kjem på overganga, men vi har brukbar kontroll på dei. Vi lyt gamble litt meir bak i forsvar etterkvart som tida går. Vegard blir litt meir med framøve, vi kjem til nokon avslutningar men mål blir det ikkje. Igjen får vi ein stor sjanse på corner. Kristian servera perfekt, Vegard kjem først på ballen, men headda rett i sin eigen arm og ballen går utanfor mål. Det burde utvilsomt stått 2-1 no. Men so kjem spikaren i kista. Tambar kjem seg rundt på venstrekanten, legg inn foran mål, keeperen vår er uheldig å må gje ein retur som ein Tambar spelar sette enkelt i mål. 3-0.
Frå 3-0 og utover skjer det egentlig ikkje so mykje. Sigmund har ein sjanse som kjem etter flott spel av Erik og Brian, men keeper redda. Vi gjer aldri opp, mister ikkje humøret sjølv om vi ligge under, det skal vi ha honør for.
Kampen i dag er veldig lik mange av kampane som vi har spelt i år. Vi heng godt med i kampen, har mest ball, men slit når vi nærma oss motstandaren sin 16meter. Ein annan ting som er typisk med vår sesong er at om forsvaret vårt er uheldige å gjere ei tabbe, so utnytta motstandarlaget som regel sjansen til å score. Vi gjere ikkje fleire feil/tabbar enn motstandaren, men forskjellen er at vi ikkje greie å utnytte deira feil.
No har vi ein kamp igjen før det blir nokon veke sommarpause. Vi står fortsatt utan siger, men spelet vårt har komt seg betraktelig sidan vi spelte vår første kamp i Florø og fekk stryk av eit godt Tempo lag. Tysdag 05.07 tek vi imot serieleiar Anga på heimebane, denne kampen skulle egentlig blitt spelt i mai, men blei utsett. Håper at vi kan levere ein solid kamp, og at vi tek med oss nokon positive oppleveingar inn i sommarpausa. Eg er sikker på at sigeren kjem snart. Viss ikkje skal eg sykle Askvoll – Førde – Askvoll etter sesongen!
Kanskje heile laget skulle sykle Askvoll - Førde - Askvoll :p Flott referat, berre å vente på at de kjem inn i flytsona der ting løsnar!
SvarSlett